logo-round-aa

Ein spanande konkurranse for 3. - 7. klassingar i heile landet!

Aksjon aluminium

3., 5. og 6. klasse på skulen vår har no meldt seg på "AksjonAluminium", ein morosam og lærerik resirkuleringskonkurranse for alle elevar i 3. - 7. klasse i heile Noreg. Ein kan vinne flotte premiar som klassetur til Hydro sin aluminiumsfabrikk i Holmestrand, ein undervisningstime med Forskarfabrikken og ulike forskarpakker frå Forskarfabrikken.

Filmen "Månelyst i Flåklypa" kjem på kino no i september og har resirkulering som eit sentralt tema. Kanskje ein ide som klassetreff? Me samlar kun inn "jekkane" på dei ulike boksane. Det kan vere brusboksar, leverpostei, hermetikk .. osv.
Klar ferdig gå!
Du kan lese meir om aksjonen her: https://aksjonaluminium.no/

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Powered by CustomPublish AS