A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Bli med på SOMMARLES !

22. juni 2015

I år arrangerer vi Sommarles for første gong på Årdal bibliotek.

Sommarles er ein aksjon for å auke leselysta blant dei som går i 1. - 7. klasse.

Dei som deltek får lesekort der ein får stempel for kvar bok ein har lese og levert inn att på biblioteket.

Alle som les minst 5 bøker (lydbøker tel og) får vere med på fest 4. september klokka 17.00, og får vere med i trekning om fine premiar.

Sommarles går frå måndag 22. juni til fredag 28. august. Ein får billett til festen når ein leverer inn lesekortet sitt.

På festen kjem Klovnen Knut.

Stikk innom biblioteket, så får du lesekort og boktips.

sommarles.jpg

 

Denne boksen skal heite Barn

01. september 2011