A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Ikke slukk en drages flamme av Cressida Cowell

2012-05-10

Då er den femte boka om Hikken Horriblus Haiflabb III her.

Bøker i serien:

 Dragetreneren - Cressida Cowell   Pirathåndboka - Cressida Cowell Lær å snakke dragonesisk - Cressida Cowell Drageforbannelsen - Cressida Cowell Ikke slukk en drages flamme - Cressida Cowell

 

Ny chick lit serie

2012-05-02

"Små søte løgnere" av Sara Shepard.

Aria, Hanna, Spencer og Emily – fire vakre og bekymringslause jenter som lever perfekte og bekymringslause liv i den idylliske og eksklusive forstaden Rosewood i staten Pennsylvania.
 

Eller? Sjølv dei yndigaste smil kan skjule mørke hemmelegheitar.
 

Ungdomsserien Små, søte løgnere er fullstendig avhengigheitsskapande og heilt uimotståeleg -- TV-serien ”Frustrerte fruer” møter skrekkfilmen ”Fryktens sommer”.
 

Små, søte løgnere er oversatt til fleire språk, og er bestselgar i USA. Serien vert og filmatisert for TV.

 

Mahmona Khan

Skitten snø

2012-04-11

Ein for alle, alle for ein

"Skitten snø" er ei forteljing om sterkt venskap, brennande hat, hevn og redsle. Me blir kjend med fire jenter. Dei tilhøyrer både norsk og pakistansk miljø. Ei av jentene blir lurt og mishandla og seinare trua på livet dersom ho røpar gjerningsmannen. Venninnegjengen skjønnar at dei må gjere noko...

 

"Skitten snø" er ein sterk og spanande historie fra Oslo sitt norsk-pakistanske miljø. Det handlar om voldtekt og om hevn - og korleis venskap mellom jenter med ulik kulturbakgrunn gjere dei sterke.

 

Nye kokebøker

2012-02-23

Vi har fått inn fleire fine kokebøker.

Sushi - Paul LøweImponer med heimelaga sushi. Sashimi, sushi og maki.

Bills asiatiske smaker - Bill GrangerRask, enkel, sunn og frisk mat med mykje smak.

Love, Manuela - Manuela KjeilenManuela Kjeilen gjer baking enkelt. Lekre kaker.

Fest! - Liselotte ForslinAlt du treng for ein vellukka fest.  

 

Solstorm 1

Himmelslør

2012-02-08

Ny serie av May Grethe Lerum, denne er for ungdom og handlinga er lagt til Fredrikstad i notid.

Ingenting er som før. Det er like før jul. Kulda har sett seg. Solstormen rammar. Butikkane vert stengde, banksystema sloknar. Sjukehus og fengsel bryt saman.

Mobiltelefonar, kringkasting og alle former for GPS-navigasjon går i svart. Men forelsking døyr ikkje, sjølv om denne hausten vert iskald og mørk. Det gjere heller ikkje fiendskap, desperasjon eller terror.

 

Himmelslør" er ei dramatisk og spennande ungdomsroman og den første i ein planlagd trilogi.

 

"Stilen er enkel, barsk og handlingsorientert. Den fine kvaliteten er hvordan hverdagens dilemmaer settes på spissen eller vrenges i møter med umulighetene."
Mette Hofsødegård, Aftenposten

Elin er ivrig i dag - anbefalar denne og :-)

Levi Henriksen

Dager skal komme med blå vind

2012-02-09

Me er i eit norsk bygdemiljø i nærleiken av Kongsvinger. Mikael Hildonen, hovudpersonen i boka, virkar som ein skikkeleg ”Harry” type, men skinnet kan bedra. Han studerte til meterolog, men livet blei drastisk endra då forloveden som var gravid døydde.

Det er ei bok om familieløyndommar, brødrekonflikt og satsing på kjærleiken på nytt.
Denne boka blir anbefalt av Tove

grafisk roman

Rekrutten

2012-02-08

Elin likar:-)

Har lenge tenkt på å lese bøkene til Robert Muchamore om CHERUB og dei hemmelege agentane. Godt nøgd med å lese den første boka i teikna utgåve og den var med nynorsk tekst - hurra - gledar meg til fleire.

Mest for ungdom...  

Gordon Reece

MUS

2012-01-18

 

Mus hd image

Denne har Elin lese, det er ei ungdomsbok men kan godt lesast av vaksne og. Skikkeleg spennande psykologisk thriller!

 

"Shelley og mor hennar omtalar seg sjølve som mus - alltid fredsommelege, pliktoppfyllande, usikre på seg sjølve. Forsiktige som mus og gode som gull heile livet, og alt dei har oppnådd med det, er å verte hersa med av alt og alle. Men det finns ei grense sjølv for mus. Og éin dag er den grensa nådd..." 

Jean Kwok

Midt imellom

2012-01-20
Kwok Midt mel  6139
Boka handlar om Chang og mora hennar som emigrerar frå Hong Kong til New York. Mora får jobb på ein tekstilfabrikk. Chang er ei skuleflink jente som opplever fattigdom som ho gjer alt for å skjule. Dette gjer at ho blir vennelaus, fordi ho aldri ber nokon heim til seg.
Dette er ei god forteljing om hjartesorg og ambisjonar.
Forfattaren har sjølv opplevd mykje av det som boka fortel om.
Lettlest bok som Tove likte.

Josimar - tidsskrift om fotball

2011-10-19

Josimar er eit magasin om fotball, der fokus ligg bak dei vekentlege nyheitsoppdateringane.

Utgangspunktet for stoffvalget er ikkje ligaplassering, toppscorarlista, lønnsaukingar eller dei siste sladre-historiane om dei store stjernene.

Istaden ynskjer bladet å ta lesaren under overflata, og presentere fotballen sin historie, kultur, sosiologi samt sporten sine mange spennande profilar og fortellingar.

Dei flese artiklene i bladet vil vere forfatta av skribentar med annan bakgrunn enn frå sportsjournalistikk. Av og til vil du imidlertid finne oversatte tekstar skrevne av kjende pennar frå aviser og magasin i utlandet.