A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Brennende hjerter

Simone Elkeles

Bok nummer tre i den nervepirrande kjærleiksserien om brødrene Fuentes

Luis Fuentes har alltid vore skjerma mot gjengvolden som nesten har øydelagt livet til brødrene. Men det har ikkje stoppa han frå å ta sjansar. For Luis søkjer heile tida nye utfordringar, anten som fjellklatrar i Rocky Mountains eller gjennom draumar om ei framtid som astronaut. Legedotter Nikki Cruz har derimot levd heile livet sitt etter tre reglar: Gutar lyg for å få det som dei vil, ikkje stol på gutar som seier "Eg elskar deg", og gå aldri på date med ein gut frå sørsida av Fairfield. Så møtes Luis og Nikki i eit bryllaup, og med eit er ho freista til å bryte alle reglar. Er Luis sine følelsar for Nikki sterke nok til å stoppe han frå den mørke og voldelege verda han er på veg inn i?

Akkurat som dei to føregående bøkene - «Perfekt kjemi» og «Grenseløs kjærlighet» - er tredjeboka «Brennende hjerter» ein hjartebankande romantisk, dirrande, umogleg-å-leggje-frå-seg god kjærleiksroman. Ei historie som trykkjer på alle dei rette knappane, som sler gnistar, og som set dei store følelsane i sving. På mesterleg vis gjev forfattaren oss ei historie som lett kunne vorte til ein einaste stor klisjé, men som i staden blir ei gripande, truverdig og oppslukande kjærleiksforteljing.

Simone Elkeles har skrive fleire romanar for ungdom og motteke fleire prisar og utmerkingar for bøkene sine.

Brennende hjerter - Simone Elkeles Hilde Stubhaug

 

Les eller høyr fyrst:

Perfekt kjemi - Simone Elkeles Ingrid Bergstrøm Mattis Herman Nyquist Hilde Stubhaug                          Grenseløs kjærlighet - Simone Elkeles Hilde Stubhaug


Skriv ut
--> Hengelås Logg inn

Opningstid

Måndag Stengt
Tysdag 11.00 - 15.00
Onsdag Bokutkøyring
Torsdag 15.00 - 19.00
Fredag Stengt

 

Kontakt oss

Telefon:

46 91 56 47



Besøksadresse:
Årdal kulturhus 

Farnesvegen 3
6884 Øvre Årdal

Postadresse:
Postboks 184
6882 Øvre Årdal
bibliotek@ardal.kommune.no

 

 Org.no.
954679721