A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

8. mars på Tya: Kvinneleg gründer eller berre gründer?

 

I samband med kvinnedagen 8. mars inviterer me deg til å lytta til ein inspirerande samtale mellom tre (kvinnelege) gründerar med lokal tilknyting. Dei er alle gode døme på damer som tør å gå sin eigen veg, som har noko dei brenn for og som har lyst til å inspirera andre til å vera kreative i sin eigen arbeidskvardag - om ein er gründer eller ikkje, kvinne eller mann!
 

Arrangementet er eit samarbeid mellom Årdal bibliotek og Tya Bakeri & Kafè.

Torunn Todal Laberg, gründer og dagleg leiar i Bulder & Brak Opplevingar, har invitert med seg Yvonne Aga Romøren, gründer og dagleg leiar for kortlevert.no og Trine Marie Johansen, yogi og vertskap på Skogadalsbøen Turisthytte, til samtale om laust og fast kring det å driva små verksemder. Kanskje blir du inspirert? Kanskje blir du motivert? Me håpar uansett å sjå deg på

Tya Bakeri & Kafè fredag 8. mars kl 19:00.

MENY: Tya sin nydelege pastabuffet (NB! Førehandstinging innan onsdag 6. mars)

Meld deg på til Årdal bibliotek på bibliotek@ardal.kommune.no, eller SMS til 46 91 56 47,  eller ved å senda epost til post@tyabakeri.no

Vel møtt!