A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Kommunestyremøte 26. mars - videomøte

Rådhus_edited

Me gjennomfører kommunestyremøte 26. mars som planlagt - men, denne gongen både utradisjonelt og historisk.
Du som innbyggar kan likevel følgje det direkte.

Torsdag 26. mars kl. 12.00 loggar medlemane seg opp på nett og deltek i kommunestyret via videoløysing frå der dei er. Me har testa dette i dag og sånn det ser ut no skal nok dette gå bra.

Følgje møtet direkte:
Me har i tillegg laga til ei løysing slik at du som innbyggar kan følgje møtet direkte. Viss du går inn på denne lenkja så vil du få tilgang til å sjå representantane og følgje diskusjonane i møtet. 

Saker som skal handsamast er:
010/20 Godkjenning av innkalling, signering av møteprotokoll
011/20 Referatsak   
    Økonomiske konsekvensar av smitteverntiltak og koronavirus.
012/20 Delegering av mynde til formannskap og ordførar
013/20 Digitaliseringsstrategi 2020 - 2025 for Årdal kommune og Lærdal kommune