A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Helse og omsorg/Helse/Legekontor

Legekontor

Velkommen til Årdal legekontor

 

Årdal legekontoret held fram med endra drift som følge av koronapandemien. Alle tiltak som er sette i verk er for å redusere smittefaren mest mogeleg. Legekontoret har organisert arbeidet slik:

Kvar dag er det ein lege som har ansvar for pasientar med luftvegssymptom. Då desse pasientane krev særlege smittevern tiltak, har legen ikkje hatt andre pasientar den dagen. Dette vert no lagt noko om, slik at legen har tid til vanlege pasientavtalar på føremiddagen og pasientar med luftvegssymptom siste del av dagen.  

Ein eller to legar tar imot pasientar til konsultasjonar, avsett tid til timeavtalane er noko auka.

Ein lege har daglegevakt.

To eller tre legar har heimekontor med telefon- og videokonsultasjonar. Me gjer merksam på at også slike konsultasjonar medfører eigenbetaling for pasienten

Summen av desse tiltaka fører til at det vert færre timar til fastlegane sine listepasientar, og at rutinekontrollar vert utsette. 
Tiltaka som er sette i verk skal hindre for mange pasientar på venterommet og unngå at fleire pasientar vert henta inn til legetimen samstundes. 
Me ber difor alle om ikkje å møte utan avtale, men om å ta kontakt på telefonen først. Dette for å hindre at personar som kan spreie smitte kjem på venterom og i resepsjonsluka.

Ein må ha avtale for å ta blodprøvar.

Denne driftsforma vil vare så langt me har planlagt til medium august, men det kan komme endringar i tråd med tilrådingar frå Helsedirektoratet 

Telefon: 57 66 53 90.
Opningstider på telefonen 08.00 - 12.00 og 13.00 – 14.30.


____________________________________________________________________________________
Dette vert gjeldande når der ikkje er Koronapandemi:

Legetenesta i Årdal har 7 fastlegeheimlar. I tillegg til dette har kommunen turnuskandidat.

Du som har fastlege kan no tinge time direkte på nett via vår portalløysing. Der kan du og ordne med resept på faste medisiner.

I periodar kan det vere stor pågang på telefonen, då særleg om morgonen. Om det ikkje hastar kan det derfor vere lurt å ringje litt seinare på dagen. Oversikt på når resepsjon/telefon er open finn du på opningstider.

Må du ta buss fra Tangen, så gi beskjed om det når du tingar time, så prøver me så langt som råd å tilpasse time etter busstider.

Når du treng legehjelp: Kven skal du ringe.

Dersom det er mogeleg, bør du alltid ringja fastlegen først.

  • Fastlegen din i opningstida telefon 57 66 53 90
  • Legevakt 116117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan venta
  • 113 når det er akutt og står om liv