
Moro på verkstad:
Vår fyrste verkstad. Dette er eit eige pedagogisk opplegg, (Trageton), som er populært å nytte i småskulen.
Me har verkstad på "Jens". Det er fem ulike aktivitetar som rullerar: Sløyd , forming (mjuke material), sand, klossar og plastilina. Me driv på i ein god time. Etter ein pause er det oppsummering, skriving og teikning.
Det er kjempemoro og svært populært hjå ungane. Dei får lage/bygge og leike med ulike material.





