PPT
Årdal kommune eig og driv pedagogisk/psykologisk teneste i Indre Sogn. Det er inngått avtale med Lærdal kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune om kjøp av tenester.
Kontoret har ei stillingsramme på 4 fagstillingar, der 1 av stillingane er knytt til leiarfunksjonen. Stillinga dekker fagområda logopedi, audiopedagogikk, synspedagogikk og sosiale og emosjonelle vanskar. Det er i tillegg inngått ein rammeavtale med psykolog.
Kva er pedagogisk-psykologisk teneste?
Eit PPT-kontor er ein stad der foreldre, barnehage, grunnskule eller vidaregåande skule kan søke råd i spørsmål som gjeld born/unge sin trivsel, tilpassing, åtferd og opplæring.
Kva arbeider PPT-kontoret med?
Førebyggjande arbeid i barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring.
- Rådgjeving
- Utgreiing av ulike vanskar
- Sakkunnig vurdering

