SFO Årdalstangen
Skulefritidsordninga er open måndag – fredag kl. 0645 – 1600. Born som har plass i SFO før undervisningstid, møter i lokalet til 1. klasse (under skulekjøkenet). Det er den avdelinga SFO held til kvar morgon. Innanfor denne tida kan ein velje opphaldstid berre på føremiddag (F), ettermiddag (E), eller heil dag (H). I feriar og skulefrie dagar er det påmelding etter behov. Overordna mål: Dagen består av leksehjelp, ulike aktivitetar, uteleik og frileik. Leiken er ein viktig del av borna sin utvikling og det er i leiken dei utviklar fellesskapskjensle, empati (medkjensle), kreativitet og evna til å samarbeide. Leiken er ei skapande verksemd, som er viktig for å utvikla begrep, forestillingar, kunnskapar og innsikt i mange ulike fag.
Skjema for påmelding vert sendt ut i god tid før feriane.
Foreldra gjer avtale for sitt barn om aktuell hentetid, eventuelt kva tid deira barn kan gå heim åleine. Søknad om plass på SFO må gjerast kvart år. Søknadsfristen er som i barnehagane 1. februar.
Det er vår oppgåve å ta vare på kvart einskild barn og dei evner den einskilde har.
Motto:
Fridom under ansvar, trivsel, tryggleik og omsorg.
Vår hovudoppgåve:
SFO skal vere eit leike- og aktivitetstilbod for våre born mellom 6-10 år (1-4 klasse ), der verdisyn og grunnhaldningar er dei same som på skulen.
