A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Administrasjon/Samfunnstryggleik/Koronainformasjon Årdal

Besøk på sjukeheimane i Årdal

Årdal sjukeheim

Oppdaterte retningslinjer for besøk på sjukeheimane.

Pasientane ved sjukeheimane er ei sårbar gruppe som me ynskjer å beskytta mot covid-19 smitte. Avstand- og smittevernsreglane gjeld for alle besøk, men me har gjort litt endring i retningslinjene.

Følgjande reglar gjeld for besøk:
• Det skal ringast til avdelinga i forkant, og avtale besøkstid. Me oppmodar om at det meste av besøka skjer på dagtid på vekedagane.
• Dei som kjem på besøk må vera friske og ikkje vore i kontakt med personar som er sjuke. Personar som er i karantene kan ikkje koma på besøk. Personar som er testa for covid-19, kan ikkje koma på besøk før negativ testsvar føreligg.
• Personar som har vore utanfor Noreg, kan ikkje koma på besøk før 10 dagar etter heimkomst

• Besøk kan skje på pasienten sitt rom eller utandørs.
• Besøkande skal gå rett til pasienten sitt rom, og det er max 3 besøkande om gongen, anna kan avtalast om det er personar frå same husstand som kjem på besøk. 
• Besøkande skal ikkje opphalde seg i felles opphaldsrom på sjukeheimane
• Besøkande skal sprite hendene når dei kjem og når dei går, halda minst 1 meter avstand og unngå fysisk kontakt med den dei besøker
• Dersom pårørande vel å ta pasienten med seg ut, har pårørande ansvar for at avstands-og smittevernsreglar vert halde.
• Pasienten kan motta blomster, gåver ol, men OBS håndhygiene

• Besøkande skal skrive seg inn i besøkslogg med namn og telefonnummer, som ligg ved inngangen, for å sikre smittesporing i etterkant. Denne vert makulert etter 10 dagar.