A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Administrasjon/Samfunnstryggleik/Koronainformasjon Årdal

Informasjon frå ulike tenester om endringar

I denne oversikten finn du informasjon frå dei ulike tenestene i kommune om endringar som er innført i samband med koronavirus.

Lege1

Viktig informasjon frå legekontoret - oppdatert pr. 18. mars kl. 15.30

Årdal legekontor har som følgje av vernetiltak mot koronasmitte endra drifta og dette fører til at det er færre legar og personale på jobb. Legetimar som ikkje haster er kansellert med verknad frå 16. mars.

Om du har behov for helsehjelp så ta kontakt på telefon 57 66 53 90 - ver merksam på at det er auka ventetid på telefonen. 
Opningstider 08.00-12.00 og 13.00-14.30.

Me oppmodar pasientar til å opprette e-portal brukar, slik at det kan nyttast e-konsultasjon med fastlegen. Det kan du gjere på Årdal legekontor sin portal. Dersom du har problem med å logge deg på så kan du ringe 57665390 for å sjekke om det ligg rett kontaktinformasjon på deg i systemet.

Informasjonstelefon 
Ved andre spørsmål så kan du ringe informasjonstelefonen til kommunen 901 11 630.

Ved akutt behov for legehjelp ring 116117 eller 113.

vaksenopplering

Informasjon frå vaksenopplæringa

Vaksenopplæringa er på lik linje med dei andre utdanningsinstitusjonane stengt. Det er difor ikkje opplæring med oppmøte på skulen og dei tilsette er ikkje tilstades.

Administrasjon og lærarar har heimekontor, og vil vere tilgjengeleg for alle elevar/flyktningar, men kommunikasjon og samarbeid føregår digitalt, pr. telefon og epost.

Vaksenopplæringa held seg til råd og reglar frå helsemyndigheitene, kriseleiinga Årdal kommune, samt retningslinjer frå Utdanningsdirektoratet og Kompetanse Norge.
Trass påbod om stenging, skal Vaksenopplæringa sørge for at alle elevar får opplæring. Lærar sikrar derfor at alle elevar har tilstrekkeleg pedagogisk opplegg i denne peioden.

Det er ein ny og krevjande situasjon å legge til rette for individuell læring i eigen heim, men alt er mogeleg med godt samarbeid. Vaksenopplæringa har digitale læringsplattformer og læreverk, slik at arbeidet framleis skal vere prega av profesjonalitet. Målet er læring og utvikling.

Korleis koronasituasjon påverkar prøveavviklingar, eksamen, standpunktkarakterar, kompetansebevis og vitnemål er førebels uvisst. Ny informasjon vert publisert så fort det føreligg frå kunnskaps- og integreringsministaren.

Ønskjer de ytterlegare informasjon eller har spørsmål så ta kontakt. Vi er tilgjengeleg på telefon alle kvardagar frå kl. 07.30-15.30.

Rektor Veronika Bjørnerud: e-post veronika.bjornerud@ardal.kommune.no  telefon 992 97 763

Undervisningsinspektør Irene Klingenberg: e-post irene.klingenberg@ardal.kommune.no  telefon 913 47 505

fysio

Informasjon om fysioterapi, ergoterapi og Friskliv

I samsvar med vedtak frå Helsedirektoratet er ergo- og  fysioterapitenesta i Årdal redusert til eit absolutt minimum. Dette gjeld både den kommunale delen og fysioterapeutane i Storevegen 44.

Frisklivssentralen har midlertidig avlyst alle sine tilbod i Årdal 
Kommunal fysioterapi har eit begrensa tilbod til dei som er på korttidsavdelinga på ÅBO. 
Ergoterapitenesta tar kun akutte saker vedr tekniske hjelpemidler, ingen heimebesøk i denne perioden.
 
Sjølvstendig næringsdrivande  fysioterapeuter i Storevegen 44 har midlertidig avlyst sine tenester, men kan kontaktes på telefon ved spørsmål. 
 
Vedtak etter lov om vern mot smittsomme sykdommer § 4-1 andre ledd om stenging av virksomhet
For å stoppe spredning av Covid-19 og bidra til å opprettholde nødvendige helse- og omsorgstjenester fatter Helsedirektoratet med dette etter smittevernloven § 4-1 andre ledd, jf. første ledd bokstav a og b, vedtak om stenging av følgende virksomheter i offentlig og privat regi utenfor spesialisthelsetjenesten, med mindre virksomheten kan ivareta helsemyndighetenes pålegg om smittevern:
 
Ved spørsmål kring dette kan de ta kontakt med de aktuelle fagpersonane:
 
Fysioterapeuter Storevegen 44 
Lars Kristian Fauske mob: 483 30 255
Øyvind Steinsland mob: 908 59 866
Kristine Lekang Øvstetun  mob: 948 38 986 
Torunn Gjerstad mob: 481 06 450
 
Kommunale fysioterapeuter.
Grytsje Kooistra  mob: 959 03 034
Karianne Gudvangen mob: 992 24 839
 
Ergoterapeut
Heidi Skeie mob: 993 66 881
Inger Karlsen mob: 488 96 505
 
Informasjonstelefonen til Årdal Kommune 901 11 630 
Jordmor tegning

Informasjon til gravide i Årdal

Grunna fare for koronasmitte vert Paviljongen barselavdeling stengt frå og med 17. mars 2020.
I perioden vi stenger vil det alltid vere ei jordmor på vakt for å ivareta vaktberedskapen i kommunen.

Telefonnummer til vaktjordmor i Årdal/Lærdal er 901 08 436

Dersom du skulle få problem med å få tak i jordmor ringer du 116117 eller 113.
Legevakt eller AMK vil formidle kontakt med vaktjordmor i kommunen. 

barnevern

Informasjon frå barnevernstenesta i Årdal

Barnevernet vil framleis vere tilgjengelege for alle som treng å komme i kontakt med oss, men det vil skje utan fysisk kontaktpunkt - så langt dette er mogeleg. Som fylgje av utbrotet av koronaviruset vil barnevernet jobbe annleis i tida framover. 

Barnevernet har ein akuttfunksjon for barn og unge som har behov for naudsynt hjelp. Dei neste vekene vil andre oppgåver som fylgje av dette bli nedprioritert.
 
Me veit at mange foreldre vil oppleve utfordrande dagar når ein kjem tett på kvarandre og må ta større ansvar for borna si læring. Utfordringar som til vanleg er til å leve med, kan bli større og vanskelegare å handtere. Me ynskjer å hjelpe og vil så langt me klarar bistå dei som treng det.

Nedst på sida finn de telefonnummer til kontaktpersonane i barnevernet. Barnevernet er tilgjengeleg på telefon alle kvardagar frå kl 0800-1530.
 
Dersom du har behov utanom vanleg kontortid eller på helg/heilagdagar, kan du kontakte vår vakttelefon. Her kan du få råd og rettleiing for å avhjelpe umiddelbart, og bli sett i kontakt med nokon som hjelper deg vidare. 
 
Leiar Anne Fretheim Larsen 99080462
Linn Luggenes 95025295
Veronica Bergerud 99080437
Espen Wigdahl Huun 40439480
 
Vakttelefon for Årdal, Lærdal og Aurland 90213481
 
Alarmtelefonen for barn og unge 116111
Barselavdeling_300x169

Informasjon frå helsestasjon

Helsestasjon- og jordmortenesta i Årdal kommune ynskjer å beskytte dei mest sårbare brukarane våre mot korona smitte.

Me ynskjer difor ikkje at du/de skal komme på helsestasjon, om ein har:
Feber
Hoste
Sår hals
Influensasymptom
Tung pust

Ring oss så avtalar me ny tid.

Frå måndag 16.03.20 vert det redusert drift på helsestasjon- og jordmortenesta.
Har du spørsmål kring avtalte konsultasjonar, ring helsestasjonen. 

På helsestasjon vert det prioritert oppfølging av nyfødde og vaksiner /vektkontroll til born opptil 15 månader.

Anbefalte svangerskapskontrollar vert utført som normalt.
Konsultasjons tid vert redusert til 15.minutt i tråd med anbefalingar. 
Telefonkonsultasjonar vert nytta.

Det er for tida ikkje høve til å ta med søsken til helsestasjon, eller barn på svangerskapskontroll. 

Me håpar på forståing for dette.

Helsestasjon for ungdom er også stengt, men manglar du resept på prevensjon eller har symptom på klamydia,  ring helsestasjonen.

Helsestasjons-og jordmortenesta Årdal kommune