A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Administrasjon/Samfunnstryggleik/Koronainformasjon Årdal

Informasjon om opning av skulane i Årdal

Diverse 051_800x533_cropped_250x123

Skulane i Årdal opnar att 27. april. Dei siste vekene har vore ei spesiell og usikker tid for dei fleste. Kanskje spesielt for dei aller minste av oss. Det er difor gledeleg å sjå at regjeringa ser det som trygt å opne opp att skulane og.

Opninga 27. april gjeld berre 1.- 4. trinn og SFO.
Skulen vil ha ordinær opningstid, SFO er ope frå kl 07.30 før skulen og til kl 14.30 etter skuletid.
 
Her finn du nasjonal rettleiar, som legg føringar for drifta frå måndag.
Informasjon til foreldre finn du her, og her kan du sjå  to korte informasjonsfilmar
 
Lokal informasjon er under utarbeiding.
 
 
Gode rutinar og smitteverntiltak
Rettleiaren som vart lagt fram av nasjonale helsemyndigheiter onsdag 15. april gir tydelege føringar på korleis barnehagedrifta kan gjennomførast, medan det vert teke omsyn til smittevern i den praktiske kvardagen. Her er nokon av tiltaka som vert sett i gang når barnehagane startar opp att:
 
Tilsette får opplæring i smittevern
Handvask er som alltid viktig
Nye rutinar ved sjukdom
Nye rutinar ved henting og leverving vert innført
Kontakt mellom dei ulike gruppene vert redusert
Det vert innført strengare reinhaldsrutinar
 
Både Farnes skule og Tangen skule vil sende ut lokal informasjon til dei føresette.