A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Administrasjon/Samfunnstryggleik/Koronainformasjon Årdal

Koronainformasjon Årdal

16. mars 2020

Her vil me samle all lokal informasjon og nyheiter frå kriseleiinga i samband med koronaviruset.

Lokal informasjonstelefon for Årdal er open dagleg kl. 10.00 - 15.00 , også i påsken, med telefonnummer 901 11 630.

Korona viruset_225x155

Fyrste Covid 19 verifisert i Årdal

04. april 2020

Årdal har i dag fått varsel om sitt fyrste verifiserte tilfelle av Covid 19.

Barnehage skule ungar

Omsorgstilbod for born i påskeferien

03. april 2020

Årdal kommune vil ha tilbod til born i barnehage og skule med foreldre i samfunnskritiske funksjonar også i påsken.

telefon_225x225

Treng du hjelp? Har du spørsmål?

14. mars 2020

Lokal informasjonstelefon for Årdal er telefonnummer 901 11 630. Har ope dagleg i påsken kl. 10.00-15.00.

Oppmodar om at de også held dykk oppdatert på folkehelseinstituttet og helsedirektoratet sine sider da sentrale føringar, tiltak og informasjon endrar seg fortløpande. 

idrettsbane korona

Utandørs idrettsanlegg opnar

02. april 2020

Årdal kommune opnar no dei utandørs idrettsanlegga for aktivitet. Sjølv om ein no opnar opp så ber me om at nasjonale retningsliner for smittevern vert følgde.

rødelkors

Røde kors besøksvenner på telefon

26. mars 2020

Røde Kors Årdal sine besøksvenner har i ein avgrensa periode høve til å ringe til personar som har behov for nokon å snakke med grunna einsemd/isolasjon i samband med Covid-19 virussituasjon. 

Ta kontakt med Tildelingskontoret på 96 94 91 71, så vil kontakt bli vidareformidla til Røde Kors.

legetegning_225x291

Informasjon frå legekontoret

23. mars 2020

Legekontoret er ikkje stengt.
Det er redusert kapasitet grunna situasjonen knytt til korona. 

Dersom du MÅ ha kontakt med legekontoret eller fastlegen din - så kan du ta kontakt på telefon 57665390 for nærare avtale.

Korona viruset_225x155

Presisering av oppheving - lokalt karantenevedtak

21. mars 2020

Sjølv om lokalt karantenevedtak er oppheva frå i dag 22. mars så presiserer me at dei nasjonale karantenekrava gjeld om du til dømes kjem frå utlandet.
Det kan òg vere at din arbeidsgjevar har eigne karantenrestriksjonar eller reglar - til dømes har Årdal kommune fortsatt reglar som seier at du må ha vore i kommunen i 14 dagar for å kunne arbeide i tenester der ein nær brukar. 

Informasjon frå ulike tenester om endringar

19. mars 2020

I denne oversikten finn du informasjon frå dei ulike tenestene i kommune om endringar som er innført i samband med koronavirus.

Søttekontakt

Helsefag - kan du hjelpe til?

19. mars 2020

I desse "koronatider" er helsevesenet avhengig av fleire hender og me lurer derfor på..