A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Administrasjon/Samfunnstryggleik/Koronainformasjon Årdal

Omsorgstilbod for born i barnehage og 1. – 4. klasse

Barn-leker1

Hovudregelen er at barnehager og skular er stengt for å hindre spreiing av smitte. Terskelen for å få tilbod om barnehage-/skuleplass skal av omsyn til smittevernet ligge høgt.
I utgangspunktet må føresette finne ei ordning for barnepass, men der de ikkje finn anna løysing – kan de søkje om tilbod frå kommunen. 

Tilbodet gjeld for born i barnehage og i klassetrinn 1. – 4. klasse.

Ta kontakt direkte med styrar i den barnehagen bornet høyrer til. For elevane i skulen tek de direkte kontakt med leiar av SFO. Det er viktig at de har oversikt på kva dag og kva opphaldstid bornet skal ha når de tek kontakt. Det vil bli da blir gjort ei vurdering om me kan gje ei omsorgtilbod til bornet.

Helsedirektoratet sine retningsliner for stenging av skule og barnehage gjev unntak for barn og unge med særskilte omsorgsbehov, og barn av føresette med kritisk samfunnsfunksjon og/eller har andre kritiske oppgåver for verksemda. 

Årdal kommune vil likevel prøve å legge til rette for at dei som verkeleg treng eit tilbod får det.

Kontaktinformasjon:
Årdalstangen barnehage 458 79 408
Einehaugen barnehage 458 79 337
Vee barnehage 971 81 176
Farnes barnehage 458 79 338
Haugane barnehage 458 79 339
Uravegen barnehage 458 79 340

SFO Tangen skule 905 73 516
SFO Farnes skule 408 43 270