A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Administrasjon/Samfunnstryggleik/Koronainformasjon Årdal

Sjukeheimar og kortidsavdeling ÅBO vert stengt for besøkande

midlertidig stengt

Årdal sjukeheim, Seimsdalen sjukeheim og kortidsavdelinga på ÅBO vert det innført besøksforbud. Det er og innført restriksjonar for besøkande til omsorgsleilegheitene på ÅBO.

Dette tiltaket er for å beskytte pasientane våre som har auka risiko for alvorleg sjukdomsforløp dersom dei vert smitta.

Dersom besøk er naudsynt, må de ringa avdelinga på førehånd for å avtale dette.

Me ber om at alle respekterer dette tiltaket!

Omsorgsleilegheiter på ÅBO
For å  beskytta bebuarane på ÅBO, som har auka risiko for alvorleg sjukdomsforløp dersom dei vert smitta, ber me om at besøk vert avgrensa til det mest nødvendige. Me har av den grunn no låst ytterdøra.

Ring vakttelefon 91 63 49 04 om du må på besøk.

Besøkande til bebuarar må skriva seg inn i besøksloggen når dei kjem.

Dersom du har vore i områder der det nå er krav om 14 dagar karantene, må du ikkje koma på besøk i karantenetida.