Skulane opnar for alle i Årdal 11. mai

Diverse 051_800x533_cropped_545x268

Årdal kommune ynskjer alle grunnskuleelevar velkomen attende til skulen.
Måndag 11.mai vil skulane i Årdal vere klare til å ta i mot alle elevane i grunnskulen. Det ser vi alle fram til.

Skulen vil ha ordinær opningstid, SFO er som tidlegare ope frå kl 07.30 før skulen og til kl 14.30 etter skuletid.

Her finn du nasjonal rettleiar i smittevern for 1.-7.trinn , og smittevern for elevane på ungdomssteget kan du lese meir om her.

Årdal kommune forheld seg til nasjonale fakta, råd og tiltak.

Både Farnes og Tangen skule vil sende ut lokal informasjon til dei føresette då dei ulike tiltaka kan variere i dei to skulane.