A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Administrasjon/Samfunnstryggleik/Koronainformasjon Årdal

Utandørs idrettsanlegg opnar

idrettsbane korona

Årdal kommune opnar no dei utandørs idrettsanlegga for aktivitet. Sjølv om ein no opnar opp så ber me om at nasjonale retningsliner for smittevern vert følgde.

I praksis betyr det:
- at helsedirektoratet sine smittevernreglar skal etterlevast.
- aktiviteten skal vere i mindre grupper og med maks 5 personar samstundes
- at ein held ein avstand til kvarandre på minst 2 meter, både innanfor treningsgruppa og til andre
- at ein ikkje nyttar same treningsutstyr, t.d. ball
- heading eller kasting av ball er ikkje lov
 
Garderobe eller idrettshallen kan ikkje nyttast og desse vert heller ikkje opna.
 
Årdal kommune vil samarbeide med idrettslaga for å komme fram til måtar å organisere idretten på for at smittevernreglane vert halde - og samstundes kunne ta til med organisert idrett igjen. Dette vil skje rett over påske.
 
Vaksne vert oppmoda om å vere til stades der det er aktivitet for å sjå til smittevernreglane blir halde når born og unge er samla.
Dersom ikkje smittevernreglane blir følgde vil banene bli stengde igjen.