A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Administrasjon/Samfunnstryggleik/Koronainformasjon Årdal

Viktig informasjon frå legekontoret (oppdatert 20.11.20)

Lege1
Oppdatering Legekontoret frå 20.nov 2020

Me ser no ei utvikling med fleire luftvegsinfeksjonar og forkjøling hos innbyggarane, noko som er vanleg på denne tida av året. Kombinert med korona epidemien ser me det dessverre nødvendig å iverksetje strengare tiltak for å førebygge mogeleg smittespreiing til pasientar og tilsette ved  legekontoret.

Dette vil dessverre føre til ytterlegare redusert kapasitet til ordinære legekonsultasjonar. Det vert strengare prioritering av kva pasientar som får avtale på legekontoret. Dette gjeld mellom anna ordinære årskontrollar og rutineundersøkingar.

Telefon og e- konsultasjonar vert nytta i større grad der det er tenleg.

Dei som har fått legetime og som meiner den kan gjerast om til telefon/video samtale, må ta kontakt på telefonen for å endre avtalen.
Me gjer merksam på at også desse konsultasjonane medfører eigendel for pasienten.

Timebestilling på nett vert i denne tida ikkje mogeleg.
Me minner om at all kontakt og timebestilling må gjerast via telefon og ikkje ved oppmøte i Helsehuset.

Aktuelle telefonnummer: 57 66 53 90  (08.00-12.00 og 13.00-14.30)
Legevakt: 116117 
 

Me minner om:
Årdal legekontoret held fram med endra drift som følge av koronapandemien. Alle tiltak som er sette i verk er for å redusere smittefaren mest mogeleg.  
Legekontoret har organisert arbeidet slik:
  • Kvar dag har ein lege avsett tid til oppfølging av pasientar med luftvegssymptom
  • Legane tek imot pasientar til konsultasjonar, avsett tid mellom timane er auka noko for å unngå for mange pasientar på venterommet samstundes
  • I tillegg har legane telefon- og videokonsultasjonar. Me gjer merksam på at også slike konsultasjonar medfører eigenbetaling for pasienten
Følgjene av dette vert færre timar til fastlegane sine listepasientar med auka ventetid for timeavtale,  rutinekontrollar. 
Me ber alle om ikkje å møte utan avtale, men om å ta kontakt på telefonen først. Dette for å hindre at personar som kan spreie smitte kjem på venterom og i resepsjonsluka.
Ein ha avtale for å ta blodprøvar.
Denne driftsforma verte vidareført i ubestemt tid.
Me minner og om at kommunen har ein lokal informasjonstelefon for korona:
Telefonnummer 901 11 630.
Opningstid på legekontoret er kl.08.00 – 15.00 alle kvardagar for dei som har avtalar. 
Telefonnummer legekontoret: 57 66 53 90. Opningstid på telefonen er 08.00 – 12.00 og 13.00 – 14.00 alle kvardagar.
MERK: For tida er det ikkje mogleg å bestille legetime elektronisk.
Dersom  ein har bruk for akutt hjelp ring legevakt 116117.